Jesus likevel tillatt i pakistanske sms
Det var for to veker sidan at namnet Jesus hamna på den pakistanske svartelista over ord ein ikkje kan bruke i sms-ar. Ilag med Jesus finn vi også ord som naken, kondom, satan og homofil. Kort sagt, alle ord som pakistanske styresmakter vurderte som uanstendige, vulgære eller skadelege.
Saka har fått stor merksemd over heile verda. Mellom anna på vår heimlege nettavis E24.
Støter kristne og minoritetar
- Å forby det er ei krenking av vår rett til å forkynne evangeliet og det støter kristne, sa John Shakir Nadeem, leiar for Pakistans katolske biskopars mediekommisjon i fylgje danske Ekstrabladet.
Blant andre som har kjempa for å omgjere forbodet er spesialrådgjevar for religiøse minoritetar, katolikken Paul Bhatti (bror til forgjengaren Shabhaz Bhatti som vart drepen i eit attentat i mars), og aktivistar frå All Pakistan Minority Alliance (APMA), fortel AsiaNews.
Ekstreme aksjonar
Ein av dei visstnok ekstreme, men fredelege og lovlege, aksjonsformene som har vore i bruk, stod den folkevalde Saleem Khokhar for. Han sette seg på golvet ved sidan av sin faste plass og gav beskjed om at han fyrst ville setje seg i stolen når forbodet mot Jesu navn vart oppheva.
Bhatti takkar den pakistanske regjeringa for dei gode nyhenda og meiner avgjerda stadfester "den gjensidige forpliktinga overfor minoriteter" samt "fremje av trusdialog og fredeleg sameksistens".
Kven har æra?
Etter at den pakistanske regjeringa snudde i spørsmålet, har det vore ulike meldingar i media om kven som bør få æra for vedtaket. AsiaNews rapporterer at det er vanskeleg å få fram korrekt informasjon om kristne og minoritetar sin situasjon i Pakistan.
Kjelde: Familie og Medier