Gi en gave
Bønn for Sentral- og Vest-Afrika

Bønn for Sentral- og Vest-Afrika

Bønnearbeidet er ikkje alltid det lettaste me kan halda på med. Det kan vera tider der det opplevest tungt og langvarig, ja, kanskje til og med unyttig.

Slik var det sikkert for Israelsfolket også. Dei måtte gjera tungt arbeid som slavar under harde herrar i Egypt, og blei mishandla og undertrykte. I si naud ropte dei til Herren. Men det virka som om situasjonen berre blei verre og verre. Hadde Gud gløymt dei?

Då er det godt å lesa kva Gud sjølv seier til Moses då han tala gjennom ein brennande tornebusk: Herren sa: «Eg har sett nauda til mitt folk i Egypt og har høyrt skrika deira under slavedrivarane. Eg kjenner deira smerte. (2 Mos 3,7)

Når me veit at hos Gud er det ingen omskifte eller skiftande skugge, kan me rekna med at Gud er den same i dag. Når me vender oss til han i sorg og fortvilelse, så høyrer han oss, ser oss, kjenner på vår smerte og handlar til det beste for oss.

Takk at du er med og kjempar saman med kvinner i ulike delar av verda. Kvinner som strevar med andre utfordringar enn oss, og same utfordringar som oss. Så har du også dine kampar å kjempa. Hugs at i alle ting så har du ein Herre som høyrer, ser, kjenner og handlar.

Bønnefokus i november og desember er Afrika. Norea har særleg ansvar for Tanzania, Zanzibar og Somalia i denne verdensdelen. Hovedfokuset for bøn er Sentral- og Vest-Afrika desse to månadene.

PS: Helga 4.-6.november inviterer Norea til konferanse i Kristiansand. Du kan fortsatt melde deg på, eller kome på dagsbesøk. Info her.

Og til våren blir det ein etterlengta kvinnekonferanse etter år med restriksjoner mot å samlast. Det skjer på Evjetun i Evje 14.-16.april 2023. Sett av datoen!

Venleg helsing frå Brit Kari Urdal

Informasjonskonsulent i Norea og med i ressursgruppa til Håpets Kvinner.

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding