Gi en gave
Bevart via bilradioen

Bevart via bilradioen

Zarina* hadde ingen kristne rundt seg. Radioprogramma vart hennar kristne fellesskap.
10. jan. 2025   Av: Brit Kari Urdal  

Zarina hadde høyrt om Jesus på ein kassett då ho var lita jente i eit av landa i Sentral-Asia. Ho hadde teke imot Jesus, men hadde ingen rundt seg som kunne hjelpa henne på trusvegen. Tvert imot så fekk ho sterk motstand frå foreldra som mishandla henne, og som brente det ho hadde av kristne bøker. Gjennom tårer fortalte Zarina at ho trass i all motstanden hadde halde fast på trua, og no hadde ho fått stipend til å studera i Kristiansand. Ho visste ingenting om denne byen og knapt nok noko om landet ho skulle til. Då fekk ho eit ord frå Gud: "Eg har mange av mine i den byen". Den første ho møtte var ein som hadde budd i heimlandet hennar og som kunne språket. Han var det også som tok henne med opp på kontoret til Norea for å treffa staben.

– Korleis klarte du å halda fast på trua oppi alt du opplevde? undra me oss over. Svaret sjokkerte og begeistra. Ho kunne nemleg fortelja at om kveldane sneik ho seg ut i bilen til faren og lytta til kristne radiosendingar frå eit naboland.

– Programma vart mine kristne brødre og søstre, kunne ho fortelja. – Dei gav meg ord frå Bibelen og song lovsongar saman med meg.

I ei årrekkje hadde Norea finansiert desse programma, og då ho fekk høyra det, var det Zarina sin tur til å sperra opp augene.

Dette er alt nokre år sidan. Zarina held no på med doktorgradsstudiar og lever framleis med Jesus. Norea støttar framleis desse sendingane til heimlandet hennar. Det er eit stort såarbeid i tru. Historia til Zarina viser oss at det nyttar. Guds ord vender ikkje tomt tilbake, men gjer det Gud vil og fullfører det Han sender det til (Jes.55,11).

Her kan du sjå Zarina sitt vitnesbyrd. Abonner gjerne på YouTube-kanalen vår. Her ligg mykje godt stoff, og ved å abonnera, får du melding om når det kjem noko nytt på kanalen.

* Fiktivt namn

Les våre nyhetsartikler om mediemisjon
Forvandling i familier og...
Programmene som lages på K-språket har store ringvirkninger.
Les mer
Evangeliet rett i øret
India er verdens mest folkerike land. Landet topper også lista over antall unådde folkegrupper.
Les mer
Frå Golgata til Galilea
Frå det som skjedde i påska går det ei naturleg linje til misjonsoppdraget.
Les mer
Kvinnedag som berørte
– Det var inspirerende og oppmuntrende å kjenne på styrken i fellesskapet.
Les mer
Såarbeid har gitt frukt
I løpet av de siste årene har Guds Ånd feid over Saudi-Arabia.
Les mer
Tapas for troen på kirgisisk
Miniandakter fra Nærbø blir til liv og oppbyggelse i Sentral-Asia.
Les mer
"Slaven" er sluppet fri
Mannsgruppa fra Flekkerøy er ute med sitt tredje album.
Les mer
Hjelp for iranske TV-seere
– Bare det å vite at vi ikke er alene, ga meg fred.
Les mer
En app til utrustning og hjelp...
Når du flytter til et fremmed land, er det mange ting som er ukjent.
Les mer
Satt fri i fengselet
Over 2000 menn har fått frihet i Jesus selv om de lever i ufrihet.
Les mer
Bli med på bønnebølge
I over 30 år har millioner av kristne bedt for verdens muslimer i løpet av ramadan.
Les mer
Når forventninger krasjer med...
Menn oppdras til å være sterke og ikke vise sårbarhet, men blir innhentet av livet.
Les mer

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Gavekonto: 3000.63.49494

Vipps-nr: 45085

Org. nr: 931983342

Send oss en melding