Gi en gave
Morten Samuelsen
Morten Samuelsen Norea/Linda Torkselen

Morten og musikken

Morten har arbeida både med maskiner, møblar og meieriprodukt, men då han tok steget og satsa på musikken, hamna han på rett hylle. Han hoppa uti det, og kjende at Gud var med.

Av: Brit Kari Urdal, Informasjonskonsulent.

Sang og musikk har vore ein del av livet til Morten så lenge han kan hugsa. Faren, som var musikklærar i Hjelmeland i Ryfylke, fekk Morten og tvillingbroren med seg og laga trioen Morten, Espen og far. Det blei etter kvart mange sangoppdrag og fleire kassettutgivelsar. På den måten blei Morten tidleg introdusert for bedehussangane og blei glad i dei, sjølv om dei ofte var for «store» til at han kunne gripa innhaldet. Det kom etter kvart. Det hende nok at gutane vart leie av synginga, men dette var med å leggja grunnlaget for ei sangglede som har vore der heile livet.
– Eg lærte Jesus tidleg å kjenna gjennom musikken, seier Morten, som forklarer at musikken snakkar eit anna språk og derfor når inn på ein annan måte.

Satsa på musikken
Som nevnt har Morten vore innom fleire arbeidsplassar i karriera si, men det var etter at han var med på Norske Talenter i 2015 at han tok steget fullt ut, og valde å satsa på musikken som leveveg.– Norske Talenter opna ein del dører for meg. Eg vart råda til å leggja bort det kristne dersom eg skulle satsa på ein musikalsk karriere, men det kunne eg ikkje. I etterkant har det vist
seg at dette var rett. Gud har opna andre dører, og sjølv om det går opp og ned i forhold til oppdrag, har Han vore med og gitt meg fred oppi alt. Eg har ikkje trega eit sekund, seier Morten, som i tillegg til konsertar også opplever det meiningsfullt å bidra med sang i gravferder.

«Jesus tek seg av den eine»
Denne songen kjem smygande kvar gong han kjenner på at han ikkje er god nok. – Jesus er så glad i meg som om eg var det einaste mennesket på jorda, fortel Morten. – Derfor torer eg
å reisa rundt med denne bodskapen.Gud krev ikkje at eg skal vera perfekt.Han er sterk nok for oss begge. Guds dør er alltid open. Eg kan stengja sjølv, men den er alltid open hos Gud. Eg får lov å ta Gud på ordet og bevega meg inn utan å banka på eingong.

Skriv sangar sjølv
Morten skriv sjølv mange av sangane han syng. Inspirasjonen får han på mange ulike måtar. Når han er ute og spring, er det som om sveitten renn ut og sangane inn. Spesielt no i denne tida der han har vore mykje med seg sjølv og tankane sine har han kjent på Guds nærver, og sangane har vakse fram. Morten er oppteken av at det han formidlar skal vera ekte og ærleg. Livet artar seg på så mange måtar, og det er viktig for han at tekstane speglar livet slik det er. Tilbakemeldingar han får frå andre, tyder på at mange kjenner seg igjen i hans ærlege framstilling av livet.

Norea-ambassadør
Morten har alltid visst om Norea sitt arbeid, men det er først etter at han for vel eit år sidan blei Norea-ambassadør at han verkeleg har fått augene opp for det store nedslagsfeltet som mediemisjon har. Norea sin visjon om å nå dei minst nådde appellerer veldig til han, og passar heilt inn i hans eigen visjon med sangane sine – nemleg å nå inn til menneske som enno ikkje kjenner himmelvegen.

Piano og papir
Det begynte med tegningar av kjende Arsenal-profilar, men har utvikla seg i ulike retningar. Morten har nemleg også eit særdeles godt lag med teikneblyanten, og han byter ofte ut piano med papir. Han kjenner på ein gjensidig inspirasjon mellom desse to formidlingsverktøya. Kunstnaren har mellom anna hatt utstilling med temaet «kjende nordmenn mellom 1810 og 2020». Han har selt mange teikningar, både av fotballspelarar og andre.

Fellesskapet
Morten snakkar varmt om fellesskapet han opplever med å vera ein del av Norea sitt arbeid. Her får han arbeida tett med dyktige folk, og han kjenner glede ved å få til ting i lag. - Sangen blir aldri ein sang før alle har bidratt med sine ting. Albumet er eit fellesprosjekt der alle bidrag er viktige, seier Morten. Han har nylig gitt ut albumet «Med Heile Sjelå» sammen med Norea Music, og han ber om at sangane må nå inn til både nådde og unådde med frelse, håp og glede.

Mortens nye CD er nå til salgs i Noreabutikken, og overskuddet av salget går til Noreas arbeid med å forkynne evangeliet til de minst nådde.

Les våre nyeste artikler om Mediemisjon
Frelse gjennom et åpent vindu
Hun var landsbyens trollkvinne. En dag dukket hun opp i den lokale kirka.
Les mer
Pastor "på boks"
De lever under krevende forhold. Likevel er det kirkevekst. Hvordan er det mulig?
Les mer
Stemmen i mediespilleren
Han gikk fra å være en ung, ivrig hinduist til å bli R-folkets bibellærer.
Les mer
Evangeliet rett i øret
India er verdens mest folkerike land. Landet topper også lista over antall unådde folkegrupper.
Les mer
God påske!
Synden er sonet, gjelden betalt og døden beseiret.
Les mer
I Guds kraft og ved Hans nåde
På tross av hardt åndelig klima var det noen som ikke lot seg skremme.
Les mer
Nå er det deres tur
På en av Indonesias mange øyer bor en folkegruppe på 1,5 millioner mennesker.
Les mer
Gratulerer med dagen!
"Norea-stemmen" framfor noen, Asbjørn Kvalbein, runder 80.
Les mer
Fra svart magi til verdens lys
Frykt preget livet til den indiske familien. En dag fikk de besøk.
Les mer
Viktig samling
Mange unge brenner for misjon. I helga samles noen av disse til konferanse.
Les mer
De minst nådde
Hva er en unådd folkegruppe, hvem er de og hvor finnes de?
Les mer
Guds forunderlige finger
En kvinne i Norge blir minnet på noe. I en annen del av verden blir dette til et bønnesvar.
Les mer

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding