Frå Golgata til Galilea
Frå det som skjedde i påska går det ei naturleg linje til misjonsoppdraget.
Grunnlaget for all misjon ligg på Golgata. Der blei heile menneskeslekta si skuld betalt. På eit anna fjell i Galilea er det at Jesus gir oppdraget med å fortelja dette til alle menneske.
Asbjørn Aavik skriv slik i det vesle heftet "De venter": – Hvert eneste menneske som fikk oppleve Golgatas nåde, roper Jesus opp på et annet fjell – til oppgaven. Har du vært der? Eller tenkte du at det bare var misjonæren Herren kalte opp dit?
Frelsa står fast. Golgata-verket er fullført ein gong for alle. Oppdraget står også fast. Det er det samme som læresveinane fekk den gongen Jesus reiste tilbake til himmelen med desse orda: "Eg har fått all makt i himmel og på jord. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står." (Matt. 28, 18-20).
Dette oppdraget skal me som lever i vår tid få vera med på. – Ansvaret for det slektsleddet som gikk, hadde foreldrene våre. Dem når ikke vi. Og det som kommer, når vi heller ikke. Det ansvaret får barna våre. Vårt ansvar er de hedningene som lever og dør samtidig med oss, skriv Aavik vidare.
Takk at du er med på å vidareføra oppdraget til det ein dag er fullført!