Gi en gave

Kvifor bad Gud Israel utrydde folkeslag?

Hei, og takk for nyttig spalte med mange gode spørsmål og svar. Mine spørsmål: I salmane kan ein lese om korleis Herren vert lovsungen av di han utrydda folkeslag for at jødane skulle innta land. Det med å utrydde folkeslag verkar som ein veldig drastisk ting å gjere, og folkemord er ikkje noko ein tenkjer godt om. Gud skjenner også på Israel fordi dei hadde medkjensle med folkeslag og lot vare å utrydde dei, men blanda seg med dei. Jødane var valgt til velsigning framfor andre - som vert utrydda. Det fekk veldig store konsekvensar for einskildmenneske, familiar og folkeslag, som verkar vanskeleg å forstå og forklare. Har du tankar om dette? Venleg helsing Ottarpottar.

SVAR:

Bibelen er skreve over ein periode på minst tusen år. Vi er vitne til ei openberring frå Gud som er gradvis, og både jødedom og kristendom har fått eit anna preg etter kvart.

Men det inneber ikkje at Gud har forandra seg. Han er heilag og mild, streng og kjærleg. Som kristne trur vi at desse spenningane i Gud har fått si løysing i Kristus og soninga hans på krossen for all verda si synd og skuld.

Då jødefolket sigra over den kanaaneiske byen Jeriko, var det i samsvar med Guds plan. Dei «bannlyste alt som var i byen. Både menn og kvinner, både unge og gamle, storfe og småfe og esel slo dei med sverdsegg». (Josva 6:21)

Det er naturleg å spørje: Kan dette forsvarast, reint moralsk?

Kanaanittane var ikkje uskuldige. Dei gjorde avskyelege gjerningar. Mellom anna ofra dei småbarna sine til guden Molok. Herren sa om dei: «Landet vart ureint, og eg straffar det for alle misgjerningane, så landet spyr ut innbyggjarane sine.» (3M 18:21-26)

Gud ga kanaanittane meir enn 400 år til å vende om frå vondskapen deira. Abraham eller etterkommarane hans skulle vende attende til landet, men ikkje ennå, for dei som budde der, hadde ennå ikkje fortent å miste landet sitt. Gud ville ikkje ta bort folket før skulda deira gjorde at Gud måtte dømme dei til å verte øydelagt. «I den fjerde ættleden skal dei venda attende hit. For amorittane har enno ikkje fylt opp målet sitt med vondskap.» (1M 15:16)

Josva og dei andre leiarane handla ikkje på impuls. Dei var reiskaper for Gud for å sette i verk domen over eit gudlaust folk.

Gud har skapt liv, og han tar liv tilbake. Han sa: «No ser de kven eg er, og at det ikkje finst nokon Gud utan meg. Eg tek liv, og eg gjev liv. Eg sårar, og eg lækjer, og det er ingen som bergar or mi hand.» (5M 32:39)

Vi menneske har ikkje kraft til å skape liv, og vi har ikkje rett til å ta liv, viss ikkje han som har skapt livet, gjer oss retten til å gjere det. I sjølvforsvar, i dødsstraff og rettferdig krig er ei slik rett gjeven. Om det er tenleg med dødsstraff og vald for å stogge vald i vår tid, kan diskuterast.

Når det gjeld borna og uskuldige som mista livet i Kanaan, kan vi tenke at dei kunne ikkje unngå å bli smitta av det moralske forfallet i landet. Kanskje det då var ei velgjerning frå Guds side å taka dei heim til Guds gode himmel før dei var øydelagde og fortente dommen. Det verste som kan hende, er ikkje døden, men å verte fortapt for evig.

Israelfolket er valgt ut av Gud til å stå i ei spesiell stilling i historia. Gud vil nytte dei som eit demonstrasjonsfolk og openberre seg i denne folkegruppa. Du kan lese om dette i 2M 19:5, 5M 4:8, Sal 147:20 og Rom 3:1-2. Dei som nektar for jødane si særstilling, avviser ei viktig sanning om Guds plan.

Gud har vore engasjert i å ta vare på folket sitt. Korleis han har gjort det til ulike tider, kan vi stille spørsmål om. Men nettopp i samband med drøftinga om jødane sin plass i historia skriv apostelen Paulus: «Å, for djup av rikdom og visdom og kunnskap hjå Gud! Kor uransakelege hans domar er, og kor usporlege hans vegar!» (Rom 11:33) Kven er vi som vil seie at Gud er uviseleg eller urettferdig?

Når du spør som du gjer, ligg det nær å tenke litt på situasjonen i Midtausten i dag. Etter at jødane gjennom historia har vore forfulgt i ulik grad i mange land, har Folkeforbundet og seinare FN gjeve dei att sitt gamle fedreland i Judea, Samaria og områda mot sør. Som urfolk er det både rett og rimeleg at dei får bu i det landet dei har historiske røter i. Men arabarane har konsekvent ikkje godtatt at jødane skal få bu i dette området, som ikkje er større enn eit norsk fylke.

Nokre seier at jødane er imperialistar og tek opp att historia med Josva og Kanaan. Dei driv folkemord og apartheid andsynes palestinarane, vert det hevda.

Men jødane ynskjer ikkje meir land, men kan gje opp land, om dei berre får fred. Israel er berre ein ministat samanlikna med dei enorme arabiske områda. Arabarane legg under seg land etter land i Afrika og Asia, snart også i Europa. I dei arabiske landa har jødane ingen rett til å bu. Er ikkje dette imperialisme og apartheid?

Palestinarane har ikkje definert seg som eiga folkegruppe før i dei siste åra. Dei er arabarar, og ei stor gruppe arabarar er israelske statsborgarar med alle rettar. Då kan ein ikkje tale om apartheid eller folkemord.

Det vert ikkje fred før jødehatet vert avskaffa. I spenning ser heile verda på kva som skjer i og omkring den vesle jødestaten i Midtausten. Her er sterke band mellom bibelsk historie og verdshistorie, og vi har ei kjensle av at Guds hand er verksam på uvanlege måtar.

OPKL430

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Gavekonto: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Org. nr: 931983342

Send oss en melding