Gi en gave

Få øynene opp for det evige livet

Eg har ein nesten-nabo som er i frimurer. Han meiner me står for dei samme verdiane. Eg inviterte han på møte, men han sa han fekk sin innputt av Jesus i losjen. Der deltek ein katolsk prest osv. Men han kan ikkje seie någe om ka dei gjør der i losjen.

Han misbruke Guds navn ganske mykje. Han snakka med ein gammal mann om at han måtte bruka tida til å sjå tilbake på dei gode minnene, for du har ingenting framfor deg. Eg fekk ikkje kommet med ein kommentar då.

Nå lurer eg litt på korleis eg skal ta dette opp på ein fin måte. For han trenger jo å få øynene opp for det evige livet. Og at Jesus kom for syndens skyld og ikkje bare som eit forbilde å strekke seg etter.

Eg har hatt tabber før, der eg føler eg har stått meir med stein i handa når synd og nåde skulle formidles. (Mann, Vestlandet)

SVAR:

Takk for at du er open og audmjuk. Kven av oss kan seie at vi lukkast med å snakke om trua med dei som ikkje trur?

Eg tenker at avsnittet frå Kol 4,2-6 gir god rettleiing for korleis vi kan tena Herren i kvardagen med munn og ferd.

Først har Paulus fleire formaningar om bøna: «Ver vedhaldande i bøna, så de vaker i bøn med takk til Gud. Bed for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi løyndom. For det er for den eg no er i lekkjer. Bed om at eg kan openberra han ved å tala som eg bør.»

Dette seier oss at vi skal snakke meir med Gud om menneska enn med menneska om Gud. Vi skal ikkje trengje oss på folk, men be om at han opnar dører for Ordet. Og at vi må få vit og forstand til å tala som vi bør.

Dinest kjem ordet inn på korleis vi lever:

«Ferdast i visdom saman med dei som er utanfor. Kjøp den laglege tida. Lat alltid talen dykkar vera venleg, men krydra med salt, så de veit kva de skal svara kvar og ein.» Vi skal alltid vera venlege mot alle menneske. Plutseleg kommer eit godt høve, ei lagleg tid for å seie noko om Jesus og frelsa. Det kan skje ved at eit tema kjem opp, eit spørsmål vert stilt. Då gjeld det at vi svarar kvar og ein med visdom. Og visdom kan vi be til Gud om å få.

Vi treng ikkje forsvare Gud, men vitna om kva han har gitt oss. Det er helt greitt at vi ikkje har svar på alle spørsmål. Lukke til med å vera eit vitne i kvardagen!

OPKL267

 

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Gavekonto: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Org. nr: 931983342

Send oss en melding