Gi en gave

Skal kristne oppføre seg som jøder?

Kjære webpastor. I påska 2014 var eg med ei gruppe til Israel, som hadde et eget opplegg. Temaet var «Tilbake til sine jødiske røtter». Det var ei triveleg gruppe. Men dei kledde seg som jøder, og mennene hadde kipa og snorer fra bukselinninga. Alle var norske. Men eg reagerte på at dei feira sjabatt, og dei meinte at det var det rette. Men eg følte meg ikkje vel, vi som er kristne, treng ikkje å vere under den lova.

Vi var med på ei messiansk, jødisk sjabatsfeiring på langfredag, men eg måtte berre gå tidleg. Det var vindrikking, dans, song og mye uvant som eg reagerte på.

Noen av mine venner har halde fram å feire sjabatt, og dei meiner at det er Guds vilje. Men mine følelser stritter imot. Eg har fortalt om min ståstad til dei, at Jesus er den vi skal minnes gjennom nattverden. Vennligst gi meg tilbakemelding på mine synspunkt. (AG, kvinne)

SVAR:

Kjære AG. I Danmark har dei eit ordtak: «Lands skikke lide, eller land fly!» Når vi gjestar eit anna land, er det høfleg å respektere dei ytre skikkane. Om vi er i Israel, tek vi det med ro på sabbaten og tolererer song og dans som verkar framand. Eit anna eksempel: Dei kvinnene som har gjesta Iran, veit at dei må ta på seg lange skjørt og ha noko på hovudet. Å gå med korterma bluse i katolske kyrkjer i Italia er i strid med god skikk.

I høve til jødane er det ekstra viktig å syne solidaritet. Dei har vore ei forfulgt folkegruppe gjennom heile historia. Den kristne kyrkja burde ha mykje å tenke på når det gjeld antisemittisme.

Men eg skjøner at du tenker på noko anna og djupare enn dette. Du har opplevd at nokre tek avstand frå barnelærdomen og let seg fascinera av jødedomen som religion.

Sjølvsagt må vi syne respekt om nokon skiftar tru og blir jødar, katolikkar eller kva det skal vere, når dei blir overtydd av eigen fri vilje.

Men eg vil seie at du tenker rett om å vera tru mot ditt samvit og di tru. Apostelen Paulus skreiv: «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg vis til frelse ved trua på Kristus Jesus. Heile Skrifta er innanda av Gud og nyttig til lærdom, til overtyding, til rettleiing, til oppseding i rettferd.» (2Tim 3:14-16)

Praktiserer du fråhald i tilhøve til alkohol, kan du praktisere det også i Israel. Du treng ikkje syngja med på songar du ikkje kjenner deg eitt med. Nokre vil absolutt døype seg i Jordan. Den dåpen du har, er gyldig nok for Gud. Søndagen som kviledag og feiring av Kristi oppstode frå dei døde, har lang tradisjon i alle kristne land. Kvifor ikkje take vare på dette?

Ja, du har sett noko viktig: Som etterfølgjarar av Jesus skal vi ikkje late oss binde av lova, noko som Paulus skriv grundig om i Galatarbrevet.

OPKL425

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding