Brenner vi for noe?
Vaksne som virkelig brenner for noe
For fleire år sidan las eg eit sitat i Vårt Land som eg ikkje har klart å gløyme. Det var ei 13 år gammal jente frå Asker som sa: ”Jeg kjenner ingen voksne som virkelig brenner for noe.” Hadde ho sagt det same viss ho kjende meg? Deg?
Kva er viktig?
Då eg gradvis skulle bygge meg opp igjen etter utmattande kreftbehandling, hadde eg mange dagar då eg var ”moll- stemt” og lei meg. Og eg må innrømme at eg tenkte (og fortsatt av og til tenkjer) at det er utruleg kor mange ”uviktige ting” folk er opptatt av og snakkar om. Kva er viktig? Og kva er ikkje fullt så viktig? Kva er verdiane mine? Lever eg i samsvar med dei? Eller trur eg berre at eg gjer det?
To innsjøar
Når vi et, blir vi mette. Men når vi tek til oss åndeleg føde, blir vi faktisk meir svoltne. Viss vi ikkje tek til oss åndeleg føde, føler vi oss mette likevel. Kanskje blir vi så åndeleg slappe at vi ikkje registrerer behovet lenger?
I Israel er det to innsjøar, Gennesaretsjøen og Dødehavet. Den første er full av liv, den andre motsatt. Same vatnet frå Jordan - elva renn inn i begge. Kva er då forskjellen? Gennesaretsjøen tek ikkje berre imot vatn, den gir vatn vidare. Dødehavet får vatn, men sender ingenting frå seg. Den innsjøen som gir vidare fløymer over av liv, den som beheld alt sjølv er heilt død.
Travelt
”Alle” har det travelt. Men kva er det vi har det så travelt med? Mykje må vi gjere, andre ting kan vi gjere, og atter andre ting kan vi la vere å gjere. Vi disponerer faktisk like mange timar i døgnet som presidenten i USA. Tenk det. Eg har fundert mykje på dette og kome fram til at uansett livssituasjon, alder eller kapasitet: Vi får alle tid til det vi tykkjer er viktig nok.
Kanskje skal vi begynne å vere litt meir ærlege med oss sjølve? Eg kjenner at det svir. Eg har for eksempel aldri vore spesielt flink med dagleg bibellesing. Eg både veit og meiner at det er viktig. Men det hjelper lite viss eg ikkje praktiserer det! Det å prate høgt til seg sjølv kan vere ganske så klargjerande: ”Anne, du tenkjer at du ikkje får tid å lese i Bibelen, at dagane er for travle. Men du les då som oftast både avisa og diverse tidsskrift. Det betyr faktisk at det ikkje er så viktig for deg med bibellesing, det å lese andre ting er viktigare.” Oj! Lever eg her i samsvar med verdiane mine? NEI!
Integrerte personar
Å vere integrerte personar og samtidig frimodige kristne trur eg er ”sterk kost” for menneska rundt oss. Med integrert meiner eg at vi er bearbeidde på tankar og følelsar og lever ut verdiane våre. At det er samsvar mellom liv og lære. ”What we say is what we do.” Då er eg ikkje ein ”auge -tenar” (Det er kattane våre! Dei hoppar gjerne på bordet når vi snur ryggen til.) Ein integrert person let vere å stele sjølv om ingen hadde oppdaga det. Det er alltid trist når vi les i media at kristne har gjort vonde og stygge ting. Det svertar Jesu namn. Ein del av det er heldigvis ikkje sant. Men dessverre stemmer noko og. Vi er tilgitte syndarar, men kan ikkje leve i synda. Eit oppgjer må skje. Ikkje- kristne kan bruke mot oss at vi trur vi er betre enn andre. Samtidig forventar dei ein betre livsførsel. Og det skadar vel ikkje akkurat at ”helliggjørelsen” viser seg i praksis?
Gruveulukka i Chile
I haust var det ei heil verd som følgde med på gruveulukka i Chile. Ein fantastisk nyhet som ikkje var like interessant for NTB, var at av 33 gruvearbeidarar tok 22 imot Jesus der nede i djupet! ”Fri meg frå ein vond og brå død” bad vi i kyrkjebøna før. Då var det nettopp med tanke på at du skulle få tid til å vende om når du såg døden i kvitauget. Dei aller fleste menneske i dag ønskjer at dei kan dø fort og utan smerte. Dei to utgongane på livet er ikkje populært å stå for i dag ,sjølv om det faktisk er Jesus som seier mest om det. Ein misjonær vi kjenner la merke til teksten på T-skjortene då gruvearbeidarane vart henta opp. Han fann ut at det var frå Salme 71,20: ”Du vil vekkja oss opp til nytt liv og føra oss opp att frå djupner i jorda.”(!)
Er det ikkje rart? Vi forstod alle at dei ikkje kunne kome seg opp sjølve. Men når det gjeld å kome til himmelen, reknar mange med at det skal no gå bra med eiga hjelp. Det som skjedde i Chile viser sterke parallellar til Guds redningsaksjon for oss. Jesus sona for alle/ dei klarte å bore eit hol heilt ned til dei. Men ein og ein av oss kan seie ja eller nei til å gå inn i ”redningskapselen” og bli ført opp. Gud har skapt oss med fri vilje. Han tvingar ingen. Eg trur heile verda hadde protestert viss ein arbeidar hadde takka nei til redninga. Men å seie nei til Jesus er greitt.
I ei tid som denne
Mordekai, onkelen til dronning Ester, ville at ho skulle ta på seg eit vanskeleg oppdrag, å gå til kongen og be han spare jødefolket frå utrydding. (Ester kap. 4) ”Og kven veit om det ikkje er med tanke på ei tid som denne at du har fått dronningstatus.” Vi lever i stor materiell velstand, ja, det er ikkje små summar vi kristne i den vestlege verda disponerer til saman! Tenk om Misjonens Herre kunne få disponere dei! Vi er i innspurten av å fullføre oppdraget frå Jesus, at alle folkeslag skal få høyre om han. Først då kjem han tilbake. Kan det vere at i ei tid som denne kunne vår materielle rikdom bli brukt for å fullføre oppdraget raskare? I dag skjer det motsette, misjonsorganisasjonar må trappe ned arbeidet på grunn av pengemangel... Ankepunktet for mange mot kristendomen er at alt er av nåde, gratis. Det ligg ikkje for oss menneska å ta imot utan å vise til eigen innsats. Men har ein del kristne fått det for seg at det også er gratis å nå ut med evangeliet?
Vi kan ikkje lene oss tilbake
Gud treng medarbeidarar som er villege til å gå. Alle skal vi gå, nokon langt, andre kort. Alle har vi fått misjonskallet (Matt.28,18-20) , det er ikkje berre for ”spesielt interesserte.” Så lenge ikkje alle folkeslag er nådde kan vi ikkje lene oss tilbake.
Helsing frå Anne Rygg Lindseth