Norge:
Eg har så ofte tenkt å skriva til dykk, men det har blitt med tanken. Fyrst vil eg seie hjarteleg takk for alle dei gode programma de sender over radio. Eg gler meg til kvar dag. Det er så mykje godt å høyre på. Eg er over 90 år og dårleg til beins så eg kjem ikkje så ofte ut, men eg har det godt sjølv om eg er åleine, for Jesus er med meg. Eg vil ynskje dykk alle i Norea framgang og glede i Jesu navn.