Songen frå Sion
Lynor har gjeve ut ein kantate med tekst av Olav Mosdøl og musikk av Sigvald Tveit. 13 songar går ut frå den bibelske tradisjonen og gjer ei reise gjennom ulike landskap og verdsdelar.
Nokre melodiar og stemningar er prega av orientalsk tradisjon, andre av gresk, irsk og endå japansk og søramerikansk.
Men sjølvsagt kling det urnorske fram gjennom fleire av songane - i eit velklingande nynorsk.
Olav Mosdøl frå Kviteseid i Telemark (bildet) har sett Songen frå Sion som tittel på denne plata.
Det kuttet me har valgt å ta med her, er det siste, der det heiter: "Med songen ifrå Sion me prisar Herrens namn".
Solistar er Anne Karin Kaasa og Nils-Harald Sødal, og god hjelp har dei frå De'Kor og ei rekke dyktige musikarar.
Ein god plate for dei som likar det noko mystiske i ein moderne og allsidig tonedrakt.
Lynor 0608