Over en åpen Bibel med Jan Magnus Lillebø Qvale
Ei veke i Galatarane
Galatarbrevet er eitt av dei viktigaste breva i heile Det nye testamente. For det første understrekar brevet apostlane sin posisjon som augenvitne, utsendt av Jesus sjølv - og dermed også Det nye testamente sin posisjon som openberring frå Gud - Guds Ord. For det andre, og minst like viktig: I dette brevet blir evangeliet sterkt tydeleggjort i møte med strømningar som truar det. For å få mest mogleg ut av denne veka med "Over en åpen bibel" vil eg anbefale å lese tekstane som høyrer til andakta du høyrer. Kanskje vil tekstane tale til deg på ein ny måte, og du endå tydelegare få auge på Jesus - det ber eg om.