Gi en gave
Egil Sjaastad

Egil Sjaastad

Odd Dublands nye bok er ei skattkiste. Ho bør gjerne liggje under juletreet. Men om du får henne, skal du setje deg godt til rette i godstolen og både lese og sjå. Du treng ikkje ta alt på ein gong. Nei, ta gjerne litt om senn. Både maleria og dei fleste oppbyggelege stykka står godt åleine. (Klikk for å lese hele tilbakemeldingen)

Dubland auser av forkynnarerfaring og dyrekjøpt livsvisdom. Her er lun humor og alvorleg gudsfrykt. Her er sjelesorg for slitne sjeler og glede over nåden i Kristus. Stykka ber preg av same spennvidde og variasjon som forfattaren sjølv. Her er alt frå refleksjon om moderne kunst til trøyst på dødsleie! Her er spennande glimt frå hans eigen oppvekst, frå tida i militæret, frå bedehus på Jæren, frå norsk kyrkje- og vekkingssoge.

Boka startar med ein mange siders diktsyklus om Tore og Viva og Vesletor. Desse menneska levde på Sørvestlandet i den tida kristendomen kom til landet vårt. Krampetrekningane fra vikingetida blir levande. Rystande er det å bli teken med inn i lagnadene til småfolk, til unge jenter som opplevde grove overgrep, til rettslause trælar og til unge bondesøner som var opplærte til hemn og æresdrap. Gripande er det å lese kva kristentrua bar med seg av gode frukter for landet vårt. Dei som – i dragsuget frå sekularismen – vender ryggen til kristendomen, kan ha svært godt av å lese dette diktverket!

Malekunstnaren Odd Dubland er representert så godt som på annakvar side. Det er noko kjent med desse maleria! Sjølv har eg ‘møtt’ Dubland i misjonsheimar over heile landet, gjennom maleri på veggen i finstova. Ofte er bakgrunnen at han har budd der sjølv og kvittert med eit kunstverk der og då, eller i ettertid.

Dubland innrømmer å ha hatt ei utvikling som kunstnar. Maleria i denne boka er slik at dei toler å ‘betraktast’ både to og fem gonger. Sjølv om motiva ofte er frå Jær-strendene, er det godt også for oss innlandsfolk å kvile augo på dei. Eg undrast forresten korleis det går an å ‘skape’ så blankt vatn – eller gje havsbølgjene slikt eit rystande liv – med pensel og fargar! Dei som har vore på malekurs hjå Odd Dubland, har kanskje skjøna litt meir.

Men Dubland har også andre motiv. Her er frukt og inventar, elgar og vårløysing, skog, fjellbekkar og lyng.

Dette blir ei gavebok, ei varm helsing frå ein autodidakt og lekpredikant som spelar på meir enn gitarstrenger.

Flere episoder i serien

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Gavekonto: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Org. nr: 931983342

Send oss en melding