Gi en gave

Rett heim til Jesus når ein døyr?

Kjære Asbjørn. Eg har eit spørsmål som eg lenge har lurt på og som eg gjerne vil få stilla til deg. Som ein personleg kristen som av berre nåde får tru på Jesu Frelseverk på Golgata, så har eg alltid trudd at kvar einaste truande som er frelst i Jesu blod får lov å koma heim til Jesus i Himmelen med ein gong ein døyr. Eg blir litt i tvil no.

Mange hevdar at kristne ikkje kjem til Himmelen med ein gong etter at døden trer inn, men at me enten "blundar/sov" inntil dommedag eller lever i ein slags "mellomtilstand" inntil Herrens dag.

Kva er rett? Tek eg feil når eg på ein barnsleg måte trur at me som personleg kristne kjem heim til Himmelen med eingong me døyr? Håpar du kan gje meg eit svar med bibelsk grunnlag. Mvh NP (mann 45 år)

SVAR:

Du ber om noko handfast frå Bibelen, og då vil eg sitera for deg frå Første brevet til Tessalonikarane, kapittel 4, vers 15 til 17:

«For dette seier vi dykk med eit ord av Herren: Vi som lever og vert att til dess Herren kjem, skal så visst ikkje koma i førevegen for dei som er sovna inn.

For Herren sjølv skal koma ned frå himmelen med eit bydande rop, med ein overengels røyst og med Guds basun, og dei døde i Kristus skal fyrst stå opp.

Deretter skal vi som lever, som har vorte att, saman med dei rykkjast opp i skyene, opp i lufta, for å møta Herren. Og så skal vi for alltid vera saman med Herren.»

Først vil eg peika på at ordet frå Jesus («eit ord av Herren») talar om døden som ein svevn. Det er ikkje dramatisk å sovne inn. Vi gjer det kvar kveld. Når vi søv, har vi mist all sans for tid. Er vi heldige, har vi gode draumar, men dei fleste har ikkje så mange opplevingar og merker ikkje at tida flyr. Så slår vi augo opp til ein ny dag, utkvilde og med nytt mot.

Svevnen og oppvakinga er som ei trøystefull likning frå sjølve livet og skaparverket.

Vidare talar apostelen om at ikkje nokon kjem til himmelen før dei andre. Men det viktigaste han seier er uttrykka: «dei døde i Kristus», «saman med dei» og «for alltid vera saman med Herren».

Vi som trur på Jesus, har noko ovstort i vente. Saman med alle dei heilage skal vi få oppleve ei oppstode frå dei døde som er lik den Jesus sjølv opplevde.

«For har vi vorte sameina med han ved ein død som er lik døden hans, så skal vi òg verta det ved ei oppstode som er lik oppstoda hans.» (Rom 6:5)

Jesus sa til røvaren som kom til tru på Kristus medan han hang på korset: «Sanneleg seier eg deg: I dag skal du vera med meg i Paradis!» (Luk 23:43) Han sa ikkje «om ei tid» eller «ved tida si slutt». Han sa: «i dag».

Korleis kan vi forstå dette? Nei, vi forstår ikkje dette med vår logikk. Vi maktar ikkje å tenke utan å tenke i tidsdimensjonen. Men liksom i svevnen er også i døden tida borte.

Det er godt å få døy i Jesu namn. Paulus skreiv: «Trøysta kvarandre med desse orda.» (1Tess 4:18)

Og Jesus sa til Marta og alle som trur på Jesus: «Eg er oppstoda og livet. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy. Trur du det?» (Joh 11:25-26)

Du kan tru på Jesus og seie JA.

OPKL424

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Gavekonto: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Org. nr: 931983342

Send oss en melding