Gi en gave
Brit Kari Urdal
Brit Kari Urdal Norea

Bønn for Asia - og vår med bodskap om von!

«No livnar det i lundar, no lauvast det i li» Ja, det er godt å kjenna at våren er på veg. Både morgonane og kveldane er lysare, og me kjenner at varmen gradvis gjer seg gjeldande. Me ser at det spirer fram nytt liv der det såg ut til at alt var dødt og livlaust. Våren bingar håp og forventning med seg, både i livet her og no og i det som går utover det me ser og opplever i denne verda. Som det står lenger ute i same songen: «Du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong».

Håpets Kvinner, for ein fin tittel på eit arbeid! Me er kvinner som eig eit håp som er fast og som strekkjer seg heilt inn i det evige. Og så skal me få vera med å bringa dette håpet vidare til dei som enno ikkje veit om dette levande håpet.

Me er så takknemlege for Kvinnekonferansen som me fekk ha på Evjetun 14.-16 april. Her var me samla kvinner frå ulike land. Me fekk påfyll og vera med å inspirera kvarandre til å bera håpet ut til stadig fleire. Takk til alle som kom og var med oss denne helga! Me reiste takknemlege heim igjen, rike på glede og håp.

Ledi Hebibasi, ledar av TWR og Håpets Kvinner i Albania, talte på søndagsmøtet. Ho minna oss om å alltid halda fast på Guds ord. Midt i ei vond og vanskeleg tid i hennar familie hadde versa i Fil. 4,6-7 blitt verkelege og viktige for henne:

«Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus»

i mai og juni ber vi for Asia. Takk for at du er med og ber! Norea er engasjert i Håpets Kvinner i Japan og Korea i denne regionen.

Fred og glede over dagane dine, og velkommen til neste konferanse som blir i april 2025!

Varm helsing frå Brit Kari Urdal

Informasjonsarbeider og med i Håpets Kvinners ressursgruppe i Norea.

Månedens bønnekalender finn du vedlagt.

 

Les flere

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Kontonummer: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Send oss en melding