Gi en gave

Guds syn på mennesket

Hei. Eg lurar på kva Guds syn på mennesket er. Kva betyr det at me er skapt i Guds bilete, og kvifor er vi i det heile tatt skapt? Og kva betyr det at me er Guds barn?

SVAR:

Guds syn på mennesket er eintydig positivt. Han skapte menneska til glede for seg sjølv. Om Visdomen, som er eit førebilete på Kristus, står det: “Eg fryda meg på heile hans vide jord, og hadde mi glede i menneskeborna.” (Ord 8,31)

Difor har han gitt menneska dei aller fremste eigenskapane. Tenk til eksempel på det underet som auga er – eit instrument så komplisert og fleksibelt at det ikkje kan ha vorte til av seg sjølv.

Om mennesket les vi: “Du gjorde han lite ringare enn Gud, med ære og herlegdom krona du han.” (Sal 8,6)

Både mann og kvinne er skapt med Gud som modell: “Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei.” (1. Mos 1,27)

Vi står høgt over resten av skaparverket. Vi har intelligens, kan nytte språk og kommunisere. Vi har fridom til å velje, for Gud eller mot Gud, og i mange andre ting har vi også stor fridom.

Eit menneske har ein uendeleg verdi. Difor har ingen rett til å sjå ned på noko menneske, uansett rase eller funksjonsevne.

Nå veit vi at menneska falt i synd. Djevelen hadde gjort opprør mot Gud, og han drog Adam og Eva med seg i fallet. Med det kom synd, sjukdom og død inn i verda. Alt dette er ei frukt av vondskapen.

Men Guds kjærleik til menneska er like sterk og levande. Her kommer Jesus inn i biletet som forsonar og frelsar. Gud elska verda i den grad at han gav Son sin. Kvar den som trur på han, skal ikkje gå fortapt, men ha evig liv. (Joh 3,16)

Korleis kjem dette til syne? Vi kan lese svaret i ein salme: “Det er han [Gud] som har skapt hjarto deira – alle saman, og han merkar seg alle deira gjerningar.” (Sal 33,15) Gud er merksam på korleis kvar enkelt av oss tenker og handlar. Då ser han ikkje, nei, aller minst, på om vi lukkast i eitt og alt når det gjeld gode gjerningar. Han ser etter om vi har tru på han. Jesus sa: “Dette er Guds gjerning at de skal tru på den som han har sendt.” (Joh 6,29) Gud ber ikkje om noko anna enn at vi skal tru på Jesus.

Gud er god. Som det står i Bibelen: “Herren er god mot alle, og hans miskunn er over alt han har skapt.” (Sal 145,9)

Du spør om kvifor vi i det heile er skapt. Eg veit ikkje svaret. Men kan det vere at vi rett og slett er skapt for å glede Gud? Desto verre er det då om vi snur ryggen til Gud.

Kva det betyr at vi er Guds barn? Det er ikkje lett å svare kort på eit så stort og rikt emne. Men det er noko heilt verkeleg. Når vi har sagt ja til Jesus som Frelsar og har fått del i dåpen til atterføding, får vi tale til han som barn til gode foreldre, og vi kan vite at han ikkje vil slå handa av oss. Om han leier oss inn i vanskelege dagar, er han med oss heile tida. Retten til å vera Guds barn varer frå no og til evig tid.

Om barneretten er dette eit godt ord: “Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss, at vi skal kallast Guds born, og det er vi. Difor kjenner ikkje verda oss, fordi ho ikkje kjenner han. Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal verta! Vi veit at når han vert openberra, då skal vi verta like han, for vi skal sjå han slik han er.” (1. Joh 3,1-2)

OPKL317

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Gavekonto: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Org. nr: 931983342

Send oss en melding