Gi en gave
Illustrasjonsfoto: Linda Torkelsen
Illustrasjonsfoto: Linda Torkelsen

Livreddande radio

Det er dunkelt inne i den enkle kyrkja, men lovsongen rungar mektig i det mørke kyrkjerommet.
Av: Elisabeth Lillebø Sæth

Det er tid for vitnesbyrd, og Agnes er ei av dei som vil dele. Ho hadde gifta seg svært ung, og fått fire born. Ein dag hadde mannen sendt henne på dør. Kasta henne ut av sin eigen heim, og vekk frå kontakten med borna sine.  Ho visste ikkje kvar ho skulle gjere av seg, eller kva ho skulle leve av. Ho såg ingen grunn til å leve lenger. Agnes vart traumatisert, deprimert og suicidal.

– Ein dag bestemte eg meg for at eg ikkje ville leve lenger, og låste meg inne for å ta livet mitt. Men noko i meg fekk meg til å skru på radioen, fortel ho.

Det som «tilfeldigvis» går på radioen akkurat då frå Håpets Kvinner reddar livet hennar. Ho ringjer telefonnummeret som blir oppgitt på slutten av programmet, og får snakke med ei kristen søster som oppmuntrar henne, og set henne i kontakt med ei lokal bønegruppe på Zanzibar, der ho bur.

Radioprogrammet Håpets Kvinner redda livet til Agnes. Men enda viktigare; ho fekk møte Jesus, han som kan gje evig liv til dei som trur på han. Og ho fekk eit fellesskap av kvinner i bønnegruppa. Det gjorde inntrykk å møte Agnes, og høyre korleis Gud brukar Håpets Kvinner på Zanzibar. Ingen av oss går gjennom livet utan sår og traumer. Det vi opplever set sine spor i kropp og sinn.  Mitt store ønske og mi bøn er at kvinner som Agnes også kan få hjelp med dei avtrykka som traumene har etterlate seg, og at traumekurs kan være ein reiskap Gud kan bruka til å setja mange kvinner fri i både kropp, ånd og sjel.

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Gavekonto: 3000.63.49494

Vipps-nr: 74066

Org. nr: 931983342

Send oss en melding