Synergiar på Zanzibar
To av Noreas sine prosjekt har felles språk og finn felles veg.
- Du kan ikkje skilja mødre og barn i vår kultur. Dei er tett samanknytta. Derfor er det så viktig å ta i bruk Arven etter Adam (AeA) i bønnegruppene, for barna er der allereie. Det er ein infrastruktur på plass for å gjera AeA kjent på Zanzibar, som består av øyane Unguja og Pemba. Dette seier Joyce Malima som er koordinator for Håpets Kvinner i Tanzania, og dermed også Zanzibar. Det blir nikka ivrig rundt bordet der nokre kvinner er samla i samband med traumekurset på Zanzibar denne veka. - Det å gje lekjedom til kvinnene og samtidig gje dei verktøy til å læra opp barna sine i den kristne trua, er ein genial kombinasjon, uttalar koordinator for Håpets Kvinner i Afrika, Sphive Nxumalo-Ngwenya.
Leila Mohammed arbeidar med Arven etter Adam i Arusha i Tanzania. Ho er med på kurset for å bli kjent og knytta kontaktar. - Hagar og Sara i Bibelen har ein stor plass i serien, og deira historiar gir håp for kvinner som lever med liknande situasjonar som det å ikkje få barn, sjalusi og avvisning. - Når mødrene er samla til bønnegrupper, kan barna sjå AeA. Her får dei hjelp til å forstå Bibelen og det store bildet som den teiknar om tilveret.
Traumekurset som Norea var med å arrangera er eit samarbeid med Tabitasenteret i Trondheim. Dei har ansvar for undervisninga, mens Norea sin rolle er å laga radioprogram og andre medieressursar om stoffet slik at kvinnene kan vera saman i grupper, lytta til undervisninga og hjelpa kvarandre i kvardagen.
Zanzibar består av øyane Ungudja og Pemba. Øyriket er dominert av islam etter sterk innflytelse av Oman allereide på 700-talet. Ver med å be for dei få kristne på Zanzibar at dei må få utrustning til kvardagen sin og visdom til å visa Guds kjærleik til menneska rundt seg.