Det store plassbyttet
Me lar oss fascinera av programserien "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" på TV. Menneske som tek utradisjonelle val for å oppnå ein draum om eit anna, og ofte meir strevsamt, liv. Jula handlar om eit gedigent plassbytte. Gud sjølv flytta til ein plass der det ikkje skulle vera mogeleg for han å bu. Han som er heilag og utan synd skulle flytta til ein stad der vondskapen florerte . Jesus gav avkall på eit liv i fullkommen glede og harmoni, og flytta til ein stad med synd og naud der han ikkje blei motteken med glede, men med avvisning. Han kom til menneske han elska, men kjærleiken blei ikkje gjengjeldt.
Så viktig var denne hendinga at tidsrekninga vår blir rekna ut frå dette at Gud blei menneske. Me skal få feira dette enno ein gong. Me kan ønskja han velkommen som vår frelsar og redningsmann, og leva i forventning til at han ein dag skal komma tilbake for å oppretta sitt fredsrike der fullkommen glede og harmoni igjen skal vera rådande.
"De kjenner vår Herre Jesu Kristi nåde, at han for dykkar skuld vart fattig då han var rik, så de ved hans fattigdom skulle bli rike." 2. Kor 8,9
Me i Noreastaben vil ynskja deg ei velsigna julehøgtid!