Fast forbedar for Norea
I mange år har Norea hatt ordninga med fast givarteneste. Det er viktig med forutsigbare inntekter til misjonsarbeidet slik at stadig nye folkegrupper skal bli nådde med evangeliet. Takk til kvar og ein som er med og dreg det økonomiske lasset!
I sommar har me i tillegg lansert eit nytt omgrep: Fast forbedar. Misjonsarbeidet er Guds arbeid, og me er heilt avhengige av Han i alt me tek oss føre. Som fast forbedar mottek du kvar veke aktuelle bønneemne på mail eller sms som du kan ta med i bønnestunda di. Desse handlar om ulike delar av arbeidet, oppdateringar frå samarbeidspartnarane våre og bønneemne knytta til oss i staben. På denne måten kjem du tettare på arbeidet til Norea samtidig som du er med og løftar arbeidet og staben fram for Han som har all makt i himmel og på jord.
Ynskjer du å vera med på denne tenesta, kan du registrera deg her. Du kan også senda ein mail til post@norea.no eller ringja 38 14 50 20. Norea har også ein halvårleg bønnekalendar med bønneemne frå arbeidet. Den finn du her. Her finn du også den månadlege bønnekalenderen for Håpets Kvinner og Troens Menn.
Veikaste barn som vender hjarta mot Herren sterk
maktar langt meir enn kjemper som lit på sitt eige verk.
Måtte me alltid minnast, kvar me i verdi går
at til Guds eige hjarta den barnlege bøni når. (Augusta Lönborg/Nils Lavik)