Gi en gave
Fred og fridom

Fred og fridom

Igjen kan me feira nasjonaldagen i eit fritt land.

Dei fleste av oss som bur i Noreg i dag har ikkje opplevd krig. I all vår levetid har det vore fred i landet, og me har fridom til å tala fritt, samlast fritt og ferdast fritt. Mange stader i verda er dette ukjente verdiar. Streng kontroll frå styresmaktene gjer det farleg å samlast saman med andre kristne. Derfor finst Norea. Radio- og TV-signal lar seg ikkje stoppa verken av piggtråd eller av aggressive styresmakter.

Via våre partnarar kjem det stadige tilbakemeldingar om korleis evangeliet finn vegen inn i heimar og hjarte, og skaper liv og håp. For mange er sendingane også ei livline som gjer at dei får påfyll for si kristne tru sidan dei ikkje kan samlast i fellesskap med andre truande.

Anna* er ein av dei som gjer det mogeleg å senda Håpets Kvinner-program i Sentral-Asia. På grunn av utrygge forhold i heimlandet, må ho reisa til nabolandet to gonger i året for å spela inn programma. Første gongen ho var på ei slik reise, kjende ho seg usikker: Betydde det noko det ho brukte tid og krefter på? Neste gong ho kom tilbake til nabolandet fekk ho greie på at det var ei ung kvinne som hadde ringt inn og fortalt at programmet ho hadde høyrt hadde redda henne frå å ta livet sitt. Då forstod Anna kor viktig dette var. – Programma er som ein ven for dei som ikkje kjem seg ut. Det er mange av dei, særleg på landsbygda. Men radioprogramma gjer ein forskjell. Eg får vera stemma som når dei med eit ord om oppmuntring, kunnskap og håp via radioen.

Filmen om Anna kan du sjå her.

Takk Gud for fridomen vår, og be for alle som lever under vanskelege forhold. Takk også for at det er mogeleg å nå menneske med ord frå Han som gjev evig fred og fridom.

 

Les våre nyhetsartikler om mediemisjon
Forvandling i familier og...
Programmene som lages på K-språket har store ringvirkninger.
Les mer
Evangeliet rett i øret
India er verdens mest folkerike land. Landet topper også lista over antall unådde folkegrupper.
Les mer
Frå Golgata til Galilea
Frå det som skjedde i påska går det ei naturleg linje til misjonsoppdraget.
Les mer
Kvinnedag som berørte
– Det var inspirerende og oppmuntrende å kjenne på styrken i fellesskapet.
Les mer
Såarbeid har gitt frukt
I løpet av de siste årene har Guds Ånd feid over Saudi-Arabia.
Les mer
Tapas for troen på kirgisisk
Miniandakter fra Nærbø blir til liv og oppbyggelse i Sentral-Asia.
Les mer
"Slaven" er sluppet fri
Mannsgruppa fra Flekkerøy er ute med sitt tredje album.
Les mer
Hjelp for iranske TV-seere
– Bare det å vite at vi ikke er alene, ga meg fred.
Les mer
En app til utrustning og hjelp...
Når du flytter til et fremmed land, er det mange ting som er ukjent.
Les mer
Satt fri i fengselet
Over 2000 menn har fått frihet i Jesus selv om de lever i ufrihet.
Les mer
Bli med på bønnebølge
I over 30 år har millioner av kristne bedt for verdens muslimer i løpet av ramadan.
Les mer
Når forventninger krasjer med...
Menn oppdras til å være sterke og ikke vise sårbarhet, men blir innhentet av livet.
Les mer

Vi vil vise omsorg for hele mennesket og forkynne evangeliet om frelse ved troen på Jesus, med et særlig fokus på områder som er stengt for tradisjonell misjon. Vi gjør det gjennom målrettet bruk av elektroniske og digitale medier nasjonalt og internasjonalt.

Gi en gave

Kontakt oss

38 14 50 20

Bergtorasvei 120,
4633 Kristiansand

post@norea.no

Gavekonto: 3000.63.49494

Vipps-nr: 45085

Org. nr: 931983342

Send oss en melding