Dagens vinnar!
Det var ein overraska og glad mann me møtte i telefonen då me ringde og fortalte Tallak Hoslemo at han var den heldige vinnaren av Oscar Jansen sitt maleri. Bildet vart presentert i det tredje adventsprogrammet frå Norea, og denne veka har det blitt selt lodd for 11 000. Trekninga blei gjort direkte på Facebook kl. 13 i dag, og då var det altså Tallak Hoslemo som stakk av med gevinsten.
Tallak bur øvst oppe i Setesdal og er velkjent med å arrangera basar. I over 80 år har det vore basar på Hoslemo bedehus og i flerie ti-år av desse har Tallak og kona vore drivkrefter. Han var også ein sentral person i den store jolemessa som i mange år blei arrangert på Rysstad.
Denne gongen var det altså han som var den heldige vinnaren. Han er ein ihuga Norea-ven som har følgt med på TV-sendingane, og syntes dette var "kjempemoro". Me gratulerer!
Denne helga blir det siste av programma å sjå på TV-skjemane på dei kristne kanalane. Det vil og bli lagt ut på vår YouTube-kanal på søndag kl. 18.