Disippelgjering via Zoom
Av: Brit Kari Urdal, 15/11/2024
Vår TV-partnar i Midtausten, SAT-7, har ein eigen kanal som sender TV-program på farsi (SAT-7 Pars). Gjennom bibelundervisning, gudstenester og samtaleprogram blir menneske kjent med kristen tru, og mange tek imot Jesus som sin frelsar. Men desse nye kristne treng utrustning til livet saman med Gud. Derfor har SAT-7 Pars teke i bruk kommunikasjonsplattforma Zoom for å komma i dialog med sjåarane, og setja dei i forbindelse med kvarandre.
– Eg takkar Gud for at han fann meg!
Hovan frå Iran tok kontakt med SAT-7 Pars for å få hjelp med spørsmål han hadde omkring kristen tru. – Sjølv om eg kjente meg tiltrekt av kristendommen, hadde eg fortsatt mine tvil. Eg stilte spørsmål, og fekk veldig nyttige svar.
Hovan hadde ein spesiell draum som eit av team-medlemmane hjelpte han å forstå i lys av Jesu død og oppstode. – Tvilen min smelta bort. Eg begynte å tru at kristendommen var sann, og at Jesus lever, sa Hovan. – Dei siste månadane har eg blitt med på mange undervisningstimar om disippelskap via Zoom, og blitt veldig velsigna. Eg studerer Bibelen kvar dag, og er medlem av PARS Telegram-kanalen. På grunn av trua mi på Jesus, har eg endra syn på mange ting, spesielt i forhold til framtida. Eg treng dykkar hjelp for å vera sikker på at eg følgjer Guds veg. Eg takkar Gud for at han fann meg!