Fred og fridom
Fridom er ikkje ein ting me kan ta for gitt. Den er dyrebar og må arbeidast for kontinuerleg. I landet vårt har me hatt fred i over 70 år, og dei fleste av oss veit ikkje om noko anna, heldigvis.
Så står det i Bibelen om eit anna fedreland, vårt eigentlege heimland som kristne. Her skal freden vera utan ende. Denne freden er og dyrebar. Den hadde ein høg pris. Men vi skal få sleppa å arbeida for han. Han blir gitt oss frå Han som er sjølve freden.
Mange har enno ikkje høyrt om denne freden. Måtte fredsbodskapet nå inn til nokon i dag for første gong.
Få gjerne med deg denne andakten av Asbjørn Kvalbein der han oppmodar oss til å ta vare på dei gode røtene: https://norea.no/article-copy-copy/article/1592684