
Foto Return2sender.noRaed Hanania er ein ung palestiner som kjem frå Betlehem på Vestbreidda. Han fortel om israelske soldatar som har audmjuka han, under passering gjennom sjekkpostane ut og inn av Vestbreidda.
Inne i Jerusalem bur Sarah Atwood. Ho er ung israeler. Ho vaks opp under Intifadaen som starta år 2000. Då ho var 15 år gammal, opplevde ho at venninna hennar vart drepen av ein palestinsk terrorist.
Kva skjer dersom sånne som dei møtest, tenkte Salim Munayer som er kristen palestiner og samtidig israelsk statsborger. Salim grunnla derfor organisasjonen Musalaha for 20 år sidan. Musalaha er arabisk og tyder forsoning. Med utgangspunkt i Jesu lære om også å elske sine fiendar, tenkte Salim at det må vel gå an å få unge palestinarar og unge israelarar til å møtest, på leir, for å snakke saman og ha det moro saman.
Salim Munayer seier at han ser at både haldningar og handlingar blir endra etter ein leir i Musalaha. Gjennom 20 år har tusenvis av unge opplevd dette. Men for å få til ei samfunnsendring er det behov for at fleire palestinarar og israelarar opplever dette.
Det vil også vere behov for ei endring i sjølve samfunnsstrukturen. Men grunnlaget for alt fredsarbeid er relasjonar, slik at ein kan stole på kvarandre og forhandle med kvarandre, understrekar Salim Munayer.
Musalaha
Høyr Raed, Sarah og Salim her.